VI TRUR PÅ LOKAL PRODUKSJON, LOKAL
MATTRADISJON, VELSMAKANDE OG KORTREIST MAT!
Ole Ringdal AS sanka både gull og sølv
Kjøtvareprodusenten Ole Ringdal AS på Hellesylt vart mellom vinnarane i NM kjøtprodukter nok ein gong. Bedrifta sanka både gull og sølv under matmeisterskapen, og onsdag denne veka vart heideren feira med stor kake.
Bestill sauemerker tidlig, få maks rabatt!
Ole Ringdal og OS ID har en samarbeidsavtale som gir produsentene fordeler, blant annet i form av rabatt på øremerker. I tillegg støtter Ole Ringdal kjøp av det elektroniske øremerket Combi E23. Slik får du en svært god pris på norskproduserte øremerker av høy kvalitet. 
Ole Ringdal AS heidra tilsette med gullklokke
Etter 30 år i bedrifta vart Margreta Janssen og Ingebjørg Kjellstadli Sætren heidra og tildelt gullklokke og Norges Vel`s medalje under juleavslutning ved Ole Ringdal AS tysdag kveld.
 
VELKOMEN TIL RINGDAL
Ole Ringdal AS har ei rekkje gonger markert seg som ein av landets fremste kjøtvareprodusentar. 

Ole Ringdal AS er hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt med 50 fast tilsette (80 i haustsesongen). I eige slakteri produserer vi ferske kjøtvarer og spekemat. 

Totalt sel vi ca 3000 tonn varer som blir distribuert over heile landet, men hovedområde for ferske kjøtvarer er Nordfjord og Møre og Romsdal. I løpet av eit år blir det slakta ca. 25000 dyr av storfe, sau/lam, og geit/kje. 

Bedrifta, som i dag er eigd av Kristen Ringdal med familie, har gjennom fleire år tatt ei rekkje medaljar for sine produkt i NM i kjøttvarer.